Publisert: 14. oktober 2018 - Harald Renolen

Kampfakta:
Lillehammer FK – Ridabu, 3-0 (1-0)
44` 1-0 Ibrahim Nashaat (Markus Botten)
79` 2-0 Roar Amundsen (Vetle Skjærvik)
89` 3-0 Prince Ntabwe Kabeya (Simen Smestad)

Dagens beste LFK-spelar: Ivan Razumovic

Tilskodartal: 111.

Kampreferat ved Vegard Vikøren

Det var to lag med ingenting å spele for, som entra Stampesletta laurdag formiddag, til årets siste seriekamp i 4. divisjon avdeling 2. Lillehammer kom til å bli nummer 2 uansett, og Ridabu kom til å bli sist og rykke ned til 5. divisjon uansett. Publikum hadde derfor eit håp om at det var to offensive lag, som ville gå i angrep og avslutte sesongen med stil.

Det tok ikkje lang tid før det vart ganske klart at bortelaget ikkje hadde nokon intensjonar om å gå særleg mykje i angrep, med 5 mann i forsvar, og mesteparten av laget parkert godt inne på siste tredjedel av banen. Lillehammer hadde ballen i 75-80% av tida, men sleit lenge med å produsere dei heilt store målsjansane. Litt lite bevegelse og lavt balltempo på heimelaget, gjorde at det var vanskeleg å passere den svært parkerte bussen til Ridabu. Ridabu er knapt over midten dei første 35 minutta, men når dei først kjem på sin første kontring, blir det til gjengjeld ein gigantisk moglegheit. Ballen blir spelt ut til høgre og slått inn føre mål, der Ridabu-spissen har dratt seg heilt fri og setter ballen i stolpen frå 5m. På returen presterer han å sette ballen over på opent mål frå ca. 3m.

Lillehammer vaknar litt etter dette, og det blir meir balltempo og bevegelse i angrepsspelet. Det fører til at forsvarsbussen til Ridabu slår sprekker og det blir skapt fleire og større LFK-målsjansar. Etter ca. 40 minutt er det LFK sin tur til å bomme på ein enorm moglegheit. Ein kort corner ender med avslutning som blir blokkert både ein og to gangar, før ballen detter ned til Mathias Innerdal som frå ca. ein halv meters hald skyter over. Kampen er i ferd med å ebbe ut til pause, men når Markus Botten blir takla like utanfor 16 meteren, lader Ibrahim Nashaat skotfoten og banker frisparket i lengste nettvegg; 1-0 til LFK i det 44. minutt, noko som også blir pauseresultatet.

Andre omgang startar likt som den første, med stort LFK-overtak og ballinnehav, utan at det blir produsert dei aller største målsjansane av den grunn. Utover omgangen byrjar kampen og bølgje litt meir fram og tilbake, og Ridabu er hakket meir farleg når dei kjem på kontringar. Men det er LFK som er det klart beste laget gjennom heile kampen, og halvvegs ut i 2. omgang så fester heimelaget eit ordentleg grep på kampen. Først er det Amundsen, Mork og Prince som har ein vanvitig trippelsjanse, som det ikkje blir scoring på. Etter 79 minutt kommer spikaren i kista for Ridabu, når Amundsen blir spelt opp i mellomrommet, drar seg innover i banen, passerer alt av Ridabu-forsvararar og setter ballen tilbake i motsett hjørne. 2-0 til LFK. I det 89. minutt kommer årets siste seniorscoring på Stampesletta når Smestad setter på turboen og parkerer alt og alle på veg ned venstresida, legger inn til Prince som har dratt seg fri og som ikkje gjer nokon feil aleine med keeper. Dagens gode dommar blåser av kampen, kort tid etter scoringa.

Kampen ender 3-0, og med det er sesongen over for A-laget. Vi blir nummer 2 på tabellen, 2 poeng bak Kongsvinger 2, som rykker opp til 3. divisjon. Vi takker publikum, sponsorar, spelarar, støtteapparat og alle andre for sesongen og gler oss allereie til neste år!

Lillehammer FK sitt lag:
Thomas Varpestuen, Jan Petter Mork (Vegard Riisøen frå 86), Ivan Razumovic, Mathias Innerdal (Alexander Bjørnhaug frå 86), Simen Smestad, Vetle Skjærvik, Martin Chutko Bakke (Joacim Fillingsnes frå 86), Roar Amundsen, Ibrahim Nashaat (Christoffer Brusnes frå 45), Markus Bottem (Prince Kabeya frå 58), Magnus Løndal (Mikael Ervik frå 86).
Ubenytta reserve: Andreas Stenseth.

Generalsponsorer

Del på din Facebook-side

Spillerpresentasjon

Styremedlemmer

Per Andreas Mæhlum

Per Andreas Mæhlum

Per, som er en samfunnsengasjert Lillehammer patriot, er utdannet økonom og har bred erfaring innenfor ulike ledende stillinger i næringslivet. Han driver i dag et eget rådgivningsfirma. Per er opptatt av og engasjert i lokal næringsutvikling med særlig vekt på kultur, idrett, arrangementer og turisme som spydspisser.

(Foto: Hanne-Kjersti Iversen)

Leder

Styret

Neste kamp

Ingen registrerte kamper

Tabell

Eksterne butikker

havdelikatesser logo lowres

Link til spillerpresentasjoner

Sakliste til ekstraordinært årsmøte

Styret viser til innkalling til ekstraordinært årsmøte av 10. oktober. Årsmøtet i Lillehammer FK avholdes den 20. november kl. 16.30 på klubbhuset Brakka, Stampesletta. I denne nettsaken følger saklisten for årsmøtet. Saksdokumenter finnes som vedlegg til denne nettsaken.

Fra Manchester United til LFK

Russell Hullett blir ny trener i Lillehammer Fotballklubb. Hullett skal trene Lillehammers A-lag samt arbeide som treningsveileder og trenerutvikler i klubbens ungdomsavdeling. 

Hovedsponsorer

Gullsponsorer

Sølvsponsorer