Publisert: 20. august 2018 - Harald Renolen

Kampfakta:
Lillehammer FK – Hamarkameratene 2 1-2 (1-0)
21` 1-0 Martin Chutko Bakke (Henning Torgnesskar)
54` 1-1 Ole Erik Midtskogen
90` 1-2 Ole Erik Midtskogen
Gule kort på LFK: Markus Botten og Mads Peder Sveen
Tilskodartal: 112.
Dagens beste LFK-spelar: Martin Chutko Bakke

Kampreferat ved Vegard Vikøren

Det var eit revansjesugent og heiltent Lillehammer-lag som entra Stampesletta i kveldssola denne måndagskvelden. LFK går rett i strupa på Hamkam og er gode i det høge presset. Hamkam får svært liten tid med ballen og blir stressa til å gjere feil. LFK vinner ballen og etablerer eit klart initiativ i starten av kampen.

I motsetning til Kongsvinger-kampen førre runde er laget mykje flinkare til å halde ballen i laget og speler seg fint ut av vanskelege situasjonar. Spelet blir med stort hell vendt fleire gangar, og det blir mange farlege og halvfarlege innlegg etter spelvending i 1. omgang. Etter 21 minutt ruller LFK opp eit av årets beste angrep, då vi vinner ballen på midten og speler ballen framover på få touch. Ballen blir slått opp til Torgnesskar som meisterleg flikkar ballen gjennom Til Chutko Bakke som er på eit av fleire gode løp inn i bakrom. Aleine med keeper er C. Bakke iskald, og LFK går opp i ei fortent leiing.

Etter scoringa er det LFK for alle penga, og det er til tider berre eit lag på banen. Hamkam blir springande i mellom, og LFK har høgt tempo og bruker få touch i spelet sitt. I tillegg til bra angrepsfotball i etablert, så har LFK fleire gode kontringar som burde resultert i fleire scoringar. Men sjølv om LFK har ballen mest, speler god fotball, tar overgangane og vinner mesteparten av duellane så manglar det diverre ein del føre mål. Den eine etter den andre sjansen blir enten satt rett på keeper eller over/utanfor. LFK går dermed til pause med ein veldig fortent 1-0 leiing, som på alle måtar burde vært større. Det var uansett veldig mykje positivt å ta med seg frå 1. omgangen, ein av dei spelemessig beste frå heimelaget i år.

2. omgang starta meir jamt og Hamkam fekk litt betre tid og litt større rom å spela i. LFK var ikkje lika gode i presset som var ein stor del av suksessfaktoren i 1. omgangen og det førte til at Hamkam skapte fleire småsjansar i starten av omgangen. Etter 54 minutt glepper det i LFK-forsvaret, når eit i utgangspunktet svakt innlegg finner brystkassa(!) til Hamkams farlege spiss Ole Erik Midtskogen, som plutseleg sto umarkert på 3 meter. Ballen triller roleg inn i hjørnet og plutseleg er vi like langt på Stampesletta.

Etter utlikninga tar LFK igjen tak i kampen, og styrer mykje av det som skjer på banen igjen. LFK produserer sjansar og kjem til avslutnings-moglegheita, men det er mykje nesten og svake avslutningar. Fleire gangar i løpet av omgangen kommer LFK til dødlinja etter bra spel, får slått ballen inn føre mål, men både blokkeringar og bombombom gjer at det ikkje skjer nokon endring på resultattavla. Mot slutten av omgangen er det framleis LFK som har ballen og som går i angrep, men beina byrjar å bli sletne, og Hamkam blir farlegare og farlegare på overgangar. LFK gjer fleire bytter i jakta på 3 poeng, men det er Hamkam som skal stele alle 3 poenga på overtid. Som tidlegare nemnd har Hamkam vært farlege på overgangar på slutten, og det er etter balltap langt inne på Hamkams banehalvdel at scoringa kommer. Ein lang ball opp som Hamkam-spelaren vinner i duell med ein LFK-forsvarer stussar gjennom høgrekanten som stormar nedover sida. Inne føre mål finner han spiss Ole Erik Midtskogen som har dratt seg fri og får ein enkel jobb med å sende Hamkam opp i føringa. LFK har nok ein gigantisk sjanse på overtid etter leiarmålet til Hamkam, men nok ein gang blir ballen sendt utanfor frå 5 meters hald.

Dommaren bles av kampen etter 3-4 tilleggsminutt og det andre strake tapet og sesongens tredje tap er eit faktum. I ein kamp der LFK alt i alt var det klart beste laget, er det Hamkam som stikker av med alle poenga. Spelemessig var det mykje positivt å ta med seg vidare i sesongen, men det er alltid vanskeleg å vinne kamper når så mange store målsjansar ikkje blir omsett i scoringar. I tillegg til LFKs bestemann, Martin Chutko Bakke, er det verdt å nemna at 2000-modellen Mathias Innerdal spelte sin første kamp frå start i dag og løyste sakene sine veldig godt i midtforsvaret. Verdt å nemne er det også at LFK i dag nytta seg av 5 lokale spelarar i junioralder.

Vi takkar publikum for oppmøte og minnar om neste heimekamp som er fredag 31. august kl. 19:30 mot Sander!

Lillehammer FK sitt lag:
Tomas Varpestuen, Ivan Razumovic, Christoffer Brusnes, Mathias Innerdal (Vegard Riisøen frå 85`), Sindre Tråseth, Vetle Skjærvik (Mats Renolen frå 86`), Martin Chutko Bakke, Roar Amundsen (Markus Botten frå 75`), Ibrahim Nashaat (Mads Peder Sveen frå 58`), Henning Torgnesskar (Håvard Kvamme frå 83`), Magnus Løndal.
Unytta reserver: Andreas Stenseth, Mikael Høgaas Ervik.

Generalsponsorer

Del på din Facebook-side

Spillerpresentasjon

Styremedlemmer

Per Andreas Mæhlum

Per Andreas Mæhlum

Per, som er en samfunnsengasjert Lillehammer patriot, er utdannet økonom og har bred erfaring innenfor ulike ledende stillinger i næringslivet. Han driver i dag et eget rådgivningsfirma. Per er opptatt av og engasjert i lokal næringsutvikling med særlig vekt på kultur, idrett, arrangementer og turisme som spydspisser.

(Foto: Hanne-Kjersti Iversen)

Leder

Styret

Neste kamp

Ingen registrerte kamper

Tabell

Eksterne butikker

havdelikatesser logo lowres

Link til spillerpresentasjoner

LFK søker sportssjef i full jobb

Er du den nye sportslige lederen i klubben vår? Rollen er selve limet i klubben, og du vil få oppgaven med å planlegge, støtte og følge opp klubbens mange lag, i nær dialog med daglig leder og det øvrige sportsapparatet.

Sakliste til ekstraordinært årsmøte

Styret viser til innkalling til ekstraordinært årsmøte av 10. oktober. Årsmøtet i Lillehammer FK avholdes den 20. november kl. 16.30 på klubbhuset Brakka, Stampesletta. I denne nettsaken følger saklisten for årsmøtet. Saksdokumenter finnes som vedlegg til denne nettsaken.

Hovedsponsorer

Gullsponsorer

Sølvsponsorer