Publisert: 29. november 2017 - Kristin Roset

I går kveld møtte våre gode sponsorar opp til den årlege 10-kampen i Håkons Hall. Kvelden blei innleia med gløgg frå Paa Bordet, mingling, framføring av den olympiske ed av fjorårets vinnar, Brillehjørnet, og ikkje minst tenning av ”OL fakkelen”.

Derifrå gjekk dei 17 påmelde laga til kvar sin post, kor det venta ulike konkurransar. Det starta med quiz, deretter skuddfoten, golfer`n, pilkast, pil og bue, sprettball i bøtte, kaillkauking, spikring og bygging av så høgt spagettitårn som mogleg. Dette skapte god stemning. Medan A - lags gutta rekna ut poeng, blei det servert nydeleg julebuffet fra Paa Bordet og utdeling av diverse utmerkelsar.
Årets vinnar blei suverene Strandtorget herrer, fulgt av Aktivklinikken & Advokat Geir Berg og Ernst & Young 1. Vi gratulerer så mykje og takkar for ein kjempeflott aften i Håkons Hall.
På bilde: Strandtorget herrer gjekk av med sigeren.

Strandtorget herrer

Generalsponsorer

Kontaktinformasjon

Lillehammer fotballklubb

Postboks 35, 2601 Lillehammer

Daglig leder: dagligleder@lillehammerfk.no

 

Webansvarlig: 

Trine Anette Kvalen

Mail: web@lillehammerfk.no 

Del på din Facebook-side

Neste A-lagskamp

Ingen registrerte kamper

Tabell

Kampkalender

Eksterne butikker

havdelikatesser logo lowres

Hovedsponsorer

Gullsponsorer

Sølvsponsorer